TALIS 2024

Det er høg trivsel hos lærarar på ungdomstrinnet trass i at dei opplever meir stress og uro – og lågare verdsetjing.

Publisert

Over 90 prosent av norske lærarar på ungdomstrinnet seier at dei trivst på jobben, men mange opplever at samfunnet ikkje verdset yrket, og at utfordringane i klasserommet aukar. Det viser ei OECD-undersøking frå 2024 som stadfestar tidlegare funn: Arbeidskvardagen har blitt meir kompleks, og lærarrolla er blitt meir krevjande.

Om TALIS

  • OECD-undersøking frå 54 land om yrkeskvardagen til lærarar og rektorar på ungdomstrinnet
  • Noreg deltok for fjerde gong i 2024. Tidlegare gjennomført i 2008, 2013 og 2018.
  • Svar frå 147 rektorar og 1528 ungdomsskulelærarar ligg til grunn for dei norske analysane av TALIS. Svarprosenten er 39.

TALIS 2024 (Teaching and Learning International Survey) er ei OECD-undersøking blant lærarar og skuleleiarar på ungdomstrinnet i 54 land. Noreg har delteke i denne undersøkinga både i 2008, 2013 og 2018.

Meistring i jobben
Meir enn ni av ti av dei spurde lærarane seier at dei trivst på jobb, dei liker å undervise og har gode relasjonar til elevar, foreldre og rektor. Trua på at dei meistrar jobben, går oppover frå målinga i 2018, og over 80 prosent av dei norske ungdomsskulelærarane har tru på at dei kan få elevane til å gjere det bra i skulearbeidet.

Men meir uro 
Samanlikna med 2018 bruker lærarane meir tid på å halde ro i klassen. Om lag ein tredjedel av lærarane rapporterer at det er mykje forstyrrande støy og uro, og at mange elevar ikkje byrjar å arbeide før lenge etter at timen har starta. Samtidig er det over åtte av ti som svarer at dei klarer å få elevane til å følge reglar som gjeld i klasserommet. Nesten like mange svarer at dei klarer å handtere forstyrrande oppførsel og roe ned elevar som bråkar.

Mange lærarar opplever i aukande grad stress knytt til å følge opp enkeltelevars behov og oppfølging av foreldre.

Meir samansette klasserom
Elevsamansetninga i norske klasserom har endra seg sidan 2018. Det er både fleire elevar med ulik språkbakgrunn og fleire elevar med særlege opplæringsbehov. Eit meir mangfaldig klasserom stiller større krav til tilpassing og støtte i undervisninga, og fleire lærarar melder at dei har behov for meir kompetanse knytt til dette. Lærarane seier også at det er fleire fagleg svake elevar og færre fagleg sterke elevar no enn tidlegare.

Og så var det verdsetjinga 
Berre 18 prosent opplever at læraryrket er verdsett av samfunnet. Dette er ein nedgang frå 2018, då 35 prosent av dei spurde følte seg verdsette. Det hjelper nok ikkje at berre kvar tredje lærar som jobbar på ungdomstrinnet, er fornøgd med lønna si.

Mest urovekkande er det kanskje at så mange som 27 prosent av lærarane under 30 år trur at dei kjem til å slutte i yrket i løpet av dei neste fem åra.

Powered by Labrador CMS