Norske elevar meir borte

Fråværet på vidaregåande skule i fjor var høgare enn då fråværsgrensa vart innført. Fråværet aukar også på 10. trinn.

Publisert

For den jamne eleven på vidaregåande har fråværet auka med ein dag og ein time frå det føregåande skuleåret. Kvar tiande elev har 20 eller fleire dagar fråvær. Timefråværet er også høgt: 18 prosent av elevane har vore borte frå skulen 50 enkelttimar eller meir.

Mister 5 prosent av undervisninga
Kor mykje skule går elevane glipp av med dette fråværet? Utdanningsdirektoratet har rekna saman dag- og timefråværet, og skuleåret 2024–25 var den typiske eleven fråverande 5,3 prosent av året. Til samanlikning var det 4,5 prosent før fråværsgrensa vart innført i 2016, og 3,2 prosent før pandemien. Det samla fråværet har altså auka jamt etter pandemien, og elevar mister no meir av undervisninga enn dei gjorde før innføringa av fråværsgrensa.

Det er jentene på yrkesfag som har mest dagfråvær, medan det er gutane på studiespesialiserande som har høgast timefråvær.

Samanheng med karakterar
Det er ein tydeleg samanheng mellom karakterar og fråvær. Medianfråværet til elevar med over 51 karakterpoeng er på 3 dagar og 10 timar, godt under medianen til heile elevmassen som ligg på 5 dagar og 20 timar. Gruppene med færre karakterpoeng enn 31 har eit mykje høgare fråvær enn median.

Stabilt fråfall
3,1 prosent av alle elevar i vidaregåande skule slutta i løpet av skuleåret 2024–25. Dette utgjer 6000 elevar. Andelen elevar som sluttar totalt, er lik som i fjor. Det er elles ganske stabile tal på fråfallet for alle skuleåra frå og med 2018–19, trass i pandemi og endringar i fråværsreglane.

Stabil andel utan vurderingsgrunnlag
2,6 prosent av elevane i vidaregåande skule blei ståande utan vurderingsgrunnlag i minst eitt fag i 2024–25. Andelen har vore stabil dei siste tre skuleåra.

 

AUKAR OGSÅ PÅ 10. TRINN

Den typiske 10. klassingen har ni dagar og åtte enkelttimar fråvær. Dette er ein auke fra året før, og tre dagar og tre timar meir enn før pandemien.

Dette er ikkje eit særnorsk fenomen. I fleire OECD-land, inkludert USA, Danmark, Storbritannia og Australia, auka elevfråværet markant etter pandemien.

Både timefråværet og dagsfråværet har auka for begge kjønn samanlikna med før pandemien. Det typiske timefråværet har likevel auka meir blant jentene enn gutane. I 2024–25 hadde 18 prosent av elevane 20 fråværsdagar eller meir. Det er dobbelt så mange som før pandemien.

KaraktersamanhengenFråværet til elevane har en tydeleg negativ samanheng med karakterane deira. Jo høgare grunnskulepoeng elevane har, desto færre fråværsdagar har dei. Elevar med 30 grunnskulepoeng eller lågare har betydeleg høgare fråvær enn det som er vanlig når vi ser alle elevane under eitt. Dei med 20 grunnskulepoeng eller lågare har flest fråværsdagar, men her er det snakk om berre omlag 700 elevar.

Powered by Labrador CMS