Dansk flagg som vaier i vinden

Ny dansk karakterskala

I Danmark får elevar i vidaregåande skule ny karakterskala. Minus 3 skal vekk, og 12 med stjerne er foreslått innført frå 2030.

Publisert

I november la den danske regjeringa fram eit forslag om ny karakterskala: 0, 1, 2, 4, 6, 8, 10 og 12 og 12*. Skalaen blir utvida fra dagens sju karakterar til åtte, og i tillegg innfører dei karakteren 12* som skal gjelde for ekstraordinære prestasjonar. Det er to karakterar for stryk, 0 og 1, og det skal gi litt meir nyansering i botnen av skalaen.

Pædagogisk hård
Både lærarar, rektorar og elevar har vore positive til å få ei meir nyansert vurdering av elevane sine prestasjonar.

I dag har dei i Danmark ein sjutrinnsskala som går frå -3 til 12. Kritikken har gått på at skalaen er for lite nyansert i midten, altså mellom 4, 7 og 10. I tillegg har karakteren -3 vore særs omdiskutert og opplevd som «pædagogisk hård».

Stjerne i boka
Regjeringa omtalar den nye karakteren 12* som ein karakter som kan anerkjenne dei som gjer noko ekstraordinært. Stjernemarkeringa skal ikkje bety noko for utrekning av gjennomsnittskarakterane, men skal stå på vitnemålet som uttrykk for ei særleg anerkjenning.

Formann i Gymnasieskolernes Lærerforening, Anders Frikke, er glad for utspelet frå regjeringa. I eit intervju på gymnasieskolen.dk seier han det er fint med to karakterar for stryk. Då kan lærarane nyansere mellom ein heilt uakseptabel prestasjon, og ein som er tett på bestått.

Implementeringa av den nye karakterskalaen i 2030 vil koste 74 millionar kroner.

Powered by Labrador CMS