Skrinlegg langtidsoppgåva

Etter to år med forsøk vert langtidsoppgåve droppa som erstatning for skriftleg eksamen.

Publisert

Vi har stått ganske åleine om å åtvare mot langtidsoppgåver som erstatning for sentralgitt skriftleg eksamen.

Utdanningsdirektoratet (Udir) har bestemt seg for ikkje å gjennomføre fleire forsøk med langtidsoppgåve som erstatning for skriftleg eksamen.

– Dette er ein stor siger for Lektorlaget. Vi har stått ganske åleine om å åtvare mot langtidsoppgåver som erstatning for sentralgitt skriftleg eksamen, seier leiar i Lektorlaget, Helle Christin Nyhuus.

Forskarane frå NTNU som evaluerte utprøvinga, peika på store utfordringar knytte til både gjennomføring og rettferdigheit, sjølv om dei konkluderer med at langtidsoppåver har eit potensial om ein får tydelegare nasjonale rammer.

KI er problemet
For Lektorlaget har særleg utfordringane knytte til KI vore avgjerande for skepsisen til langtidsoppgåver i staden for eksamen.

– Det har alltid vore vanskeleg å vurdere kor mykje hjelp eleven får heimanfrå eller av andre i innlevert arbeid. Men etter at KI kom, er det nesten uråd å tru at langtidsoppgåve som eksamensform lar seg gjennomføre på ein god måte, seier Nyhuus.

Ho viser til at reglane for KI-bruk er uklare, at det er vanskeleg å kontrollere. Og ho meiner at slike former for sluttvurdering vil svekke tilliten til vurderinga både blant elevar, foreldre og lærarar. Korleis ei langtidsoppgåve skal vurderast, vil variere mykje mellom fag og skular, både i tidsbruk, rettleiing, bruk av kunstig intelligens og fagsamtalar. Med så store variasjonar i vurderinga mister vi det grunnleggande kravet om likebehandling.

– Det var ei fornuftig avgjerd å gravlegge langtidsoppgåva som eksamensform, seier Nyhuus.

Elevorganisasjonen er skuffa
Nyhuus møtte Elevorganisasjonen til debatt om langtidsoppgåvene på Dagsnytt 18 4. mai. For Elevorganisasjonen er slett ikkje glad for at langtidsoppgåva vert skrota.

– Det var eit stort gjennomslag for Elevorganisasjonen å få dette som eit prøveprosjekt, sa påtroppande leiar, Zaid Norzai Ahmmad.

Han argumenterte med at langtidsoppgåve i større grad enn skriftleg eksamen fremjar djupnelæring og kritisk tenking.

– Prosessorientert djupnelæring har vi gjennom heile skuleåret, og det er ein del av grunnlaget for standpunktkarakterane. Skriftleg eksamen skal vise kva du har fått med deg, den skal vere ei objektiv og sikker vurdering og gi like rammer til alle elevar. Dette handlar om rettssikkerheita til elevane, sa ho.

Foreldreeffekten
Eit ankepunkt mot langtidsoppgåvene er at elevar med høgt utdanna foreldre i større grad vil få hjelp, og at det dermed forsterkar fordelen for desse elevane i forhold til dei som ikkje har tilgang på denne støtta heime. Elevorganisasjonen er ikkje bekymra for dette. Tvert imot trur dei KI kan bidra til at ulike elevgrupper stiller meir likt.

– Å ha tilgang på KI som rettleiar kan bryte ned denne forskjellen. Vi meiner KI kan vere løysinga på mykje i Skule-Noreg, uttalte Ahmmad.

Har testa i fire fag

Utdanningsdirektoratet har hatt utprøving av langtidsoppgåve i tre fag, biologi 2, matematikk 1P-Y og politikk og menneskerettar, over to skuleår. I tillegg var det prøvd ut i engelsk 2 i eitt år. NTNU-ILU har evaluert forsøket, og dette er hovudfunna:

  • Langtidsoppgåva gjer at elevane kan vise både breidde og djupn i kompetansen sin.
  • Gjennomføringa varierer mellom faga, noko som gjer det vanskeleg å samanlikne. Det bør vere likare rammer for gjennomføring og nasjonale retningslinjer.
  • Kunstig intelligens og andre hjelpemiddel kan svekke rettferdigheit. Det må vere tydelege nasjonale føringar.
  • Forskarane rår til vidare forsøk.
Powered by Labrador CMS