Testen før festen
Kunnskapsministeren har lykkast med å flytte festen etter testen. Men fleire lærar og lektorar fryktar for resten av skuleåret.
Skriftlege eksamenar på vg3 er sett opp frå 4. mai, med siste eksamensdag 21. mai. Dei aller fleste avgangselevane har som resultat av dette flytta på russetida. Rett nok tok elevar på landstreffet i Stavanger seg ei helg med fest før dei la russedress i skuffen i påvente av at eksamen skal vere overstått.
Det var store protestar då det våren 2025 vart bestemt å flytte eksamen til byrjinga av mai. Et allereie komprimert arbeidsår, ville bli endå meir komprimert. Og det ville vere to veker mindre til å kome seg gjennom alle kompetansemål før ein eventuell eksamen. Det vart også stilt spørsmål om kva som skjer med motivasjonen til elevane når dei allereie i april veit kva fag dei ikkje kjem opp i til eksamen.
Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun har heile tida svart at når det vert tidlegare eksamen, skal standpunktkarakterane setjast så seint som mogeleg.
– Skriftleg eksamen er ikkje punktum for skuleåret. Når vi no strekkjer eksamensperioden, legg eg til grunn at det skal føregå undervisning gjennom heile mai og fram til standpunktkarakterane vert sett så seint som mogeleg før sommarferien, seier Nordtun.
Fagsjef Wenche Bakkebråten Rasen seier det er kome få tilbakemeldingar frå medlemmene på korleis dette foreløpig har fungert.
– Så vidt vi veit har skulane løyst tidspunkt for standpunkt på ulikt vis, så her vil det vere interessant å få ei samla evaluering etter denne våren, seier ho.
I 2025 vart lektorane bedne om å kome med innspel til tidspunktet for eksamenstrekk.
– Våre medlemmer såg både fordelar og ulemper ved alle forslaga som vart lagt fram, men det var flest som støtta alternativet med felles, tidleg trekk for både skriftleg og munnleg eksamen, fortel Bakkebråten Rasen. Ho legg til at føresetnaden var at standpunkt då vert sett så seint som råd slik at ein kan få ein jamn og god arbeidsinnsats også i faga dei ikkje er trekt ut i til eksamen.