Kultur via og utanfor skulen

Skulen skal bidra til å utjamne sosiale skilnader, men det er like fullt jenter med kulturelt aktive foreldre som er mest aktive kulturbrukarar.

Publisert

Mykje av kulturen dei unge vert eksponerte for, ber preg av å kome ovanfrå og ned. Her er det vekt på danning, tradisjonar, felles referansar og kunst- og kulturuttrykk som over tid har bidratt til å forme samfunnet vårt. Forskarane bak rapporten Innenfor- utenfor omtalar dette som den felles kulturelle grunnmuren vår.

Gaming og råning

På same vis som hiphop lenge var utanfor kulturomgrepet, er aktivitetar som til dømes gaming, råning eller fitnesskultur ikkje fanga opp når kulturbruk vert målt. Det gjer at vi kan undervurdere kor mykje gutar og unge menn deltek i kulturelle aktivitetar.

Ein kunnskapsgjennomgang utført av Telemarksforsking frå 2021 viser barn og unge sin bruk av offentlege kulturtilbod. Gjennomgangen viser at det manglar kunnskap om den nye digitale kulturbruken og særleg eigeninitierte aktivitetar rundt denne. Det er dermed vanskeleg å vurdere om desse utelukkar, utfyller eller forsterkar kvarandre.

Tre timar på skjerm

Når barn og unge brukar tre timar på skjerm etter skulen, er det store spørsmålet kva dei no gjer mindre av, eller kva dei gjer annleis enn born og unge som vaks opp utan skjerm.

Tal frå Ungdata i 2025 viser at 86 prosent av born over ti år deltek eller har delteke i organisert fritidsaktivitet. Idretten står for ein stor del av dette. Ein av ti deltek i organiserte kulturaktivitetar som korps, kor og kulturskule. Og det er jentene som er mest kulturelt aktive. Kulturskulane rekrutterer aller mest frå ressurssterke familiar.

Ungdata har tidlegare delt opp born og unge i fem fritidsprofilar – den eine gruppa, som utgjer 9 prosent, er «dei mest kulturelt aktive». Samanlikna med dei andre  gruppene er desse meir aktive i organiserte fritidsaktivitetar, på kulturskule, i korps/kor/orkester eller annan organisert aktivitet og i fritidsklubb.

Jenter er overrepresenterte i kulturstatistikken generelt, og utgjer også ein større andel av «dei mest kulturelt aktive»: 12 prosent av jentene og 7 prosent av gutane er i denne kulturelt aktive gruppa. Dette mønsteret ser vi også internasjonalt.

Kulturen via skulen

Kunst- og kulturopplæringa er under press, både i Noreg og internasjonalt. Faga er sårbare i skulen. Den største utfordringa som vart løfta i rapporten Kunst- og kulturfag på vent? (2023) viser at berre rundt halvparten av lærarane som underviser i praktisk-estetiske fag, har formell kompetanse i dette. Dette er kritisk med tanke på at nettopp fagkompetanse er ein viktig føresetnad for kvalitet i opplæringa. I tillegg har timetalet i faga gått ned.

Kunst og kultur i opplæringa blir ofte sett på som ein måte å kompensere for manglande kulturell kapital på, ved at borna lærer kulturelle ferdigheiter i skulen.

Besøk til skulebiblioteket er mest vanleg, og elles er det museums- og teaterbesøk som er mest vanleg for dei yngste elevane. Dans er kulturuttrykket elevane i minst grad møter i skuletida.

Klarer skulen å utjamne?

Foreldrestøtte og foreldrekultur er svært avgjerande for kulturaktivitetane til born og unge. Ein langtidsstudie av foreldre og born i Bergen viser at foreldre med meir økonomisk kapital stimulerer borna sine, og særleg sønene, til å delta aktivt i idrett, medan foreldre med meir kulturell kapital stimulerer borna sine, og særleg døtrene, til kulturdeltaking.

Skulen er den desidert største fellesarenaen for kunst- og kulturopplevingar. I skuleåra er det ei sterk sosial utjamning av sosiale skilnader og eksponering av ulike kulturuttrykk. Dette ser likevel ikkje ut til å ha utjamnande effekt på sikt.

I rapporten Innenfor – utenfor frå Kulturtanken skriv dei at det er sannsynleg at den låge statusen for praktisk-estetiske fag i skulen – samanlikna med andre fagområde – også påverkar interessa for kunst og kultur i skulen elles, blant både skuleleiarar, lærarar og elevar.

Powered by Labrador CMS