Sverige: Vil gjenreise kunskapsskolan
Kraftfulle tiltak er sett i gang i svensk skule. Nye, kunnskapsbaserte læreplanar og sikring av lærarane si undervisningstid. No ønsker regjeringa å lovfeste klassestørrelse og lærartettleik.
Sverige har mottatt dei siste PISA-resultata med ord som sjokk, kunnskapsras og nasjonal krisesituasjon. Svenske 15-åringar er framleis på OECD-gjennomsnittet, men fallet er stort med historisk dårlege resultat.
Som i Noreg er det leseforståinga og matematikken som har størst nedgang. I lesing ligg Sverige 21 poeng lågare enn ved førre PISA-måling, noko som tilsvarer eitt år med kunnskap.
Den svenske regjeringa viser til at dei har sett i gang dei største reformene i svensk skule på 30 år, og at dei dårlege PISA-tala viser kor viktig dette er for å gjenreise den svenske kunnskapsskulen.
Vil regulere klassestørrelsen
Rett før PISA-resultata kom, føreslo den svenske regjeringa å sikre at undervisning i skulen skal skje i undervisningsgrupper av passande størrelse og med tilstrekkeleg lærartettleik. Formålet er betre undervisning og at det skal vere enklare for lærarane å utføre undervisningsoppdraget.
Mange ferske reformer
Forslaget er det siste i rekka av fleire reformer vedtatt av den svenske Riksdagen for å styrke skulen og lærarprofesjonen. I Sverige har dei no definert undervisning, noko som understrekar lærarane si rolle i formidlinga av kunnskap. Det er innført nye læreplanar med vektlegging av kunnskap og progresjon, kva eleven skal lære når. Regjeringa vil også reformere lærarutdanningane, mellom anna med skjerpa opptakskrav når det gjeld karakterar i svensk og svensk som andrespråk.
Riksdagen har vidare vedtatt tiltak for å forbetre støtta til elevar, samt reglar for omfanget av tida som skal brukast på planlegging og undervisning, noko som skal skjerme for oppgåver utanfor kjerneoppgåvene.
Svært positivt
Anna Olskog, forbundsleiar i Sveriges Lärare, omtalar dette siste forslaget frå regjeringa som svært positivt. Fagforeininga har lenge kravd regulering av klasse- og gruppestørrelsar. Dei ønsker ikkje berre eit tak på antal elevar i ei klasse, men også ei norm for minimumsbemanning/lærartettleik. Innan 28. januar 2028 skal situasjonen i dagens skule vere kartlagt med forslag om størrelse på klassene og kva som er passande lærartettleik. Dette skal lovfestast.