Refs frå Riksrevisjonen
Trass i milliardarsatsing manglar nesten kvar tredje elev grunnleggande ferdigheiter etter 10 års skule. Forsking og evalueringar har gitt lite informasjon.
Trass i ei langvarig satsing og høg prioritet frå Stortinget, har svært mange elevar svake grunnleggjande ferdigheiter etter grunnskulen.
Kritikkverdig
Som kontrollorganet til Stortinget skal Riksrevisjonen bistå med den demokratiske kontrollen med at statens ressursar blir forvalta forsvarleg og effektivt. Bakgrunnen for Riksrevisjonen si undersøking er at Stortinget over tid har hatt høge ambisjonar for elevane sine lese-, skrive- og rekneferdigheiter. Trass i dette er det ein stor og aukande del av elevane som går ut av grunnskulen med for svake grunnleggande ferdigheiter.
Det er ekstra bekymringsfullt at andelen elevar på lågaste meistringsnivå har auka meir i Noreg enn elles i OECD-landa. PISA 2022 viser at nesten kvar tredje elev – 31 prosent av elevane i matematikk og 27 prosent i lesing – har ferdigheiter på det lågaste meistringsnivået i 2022. Dette er 12 til 14 prosentpoeng fleire enn i 2015. Både TIMMS, PIRLS og Nasjonale prøver viser same tendensane. At elevane skårar på lågaste nivå, betyr at dei vil slite med vidare skulegang og yrkesliv.
Ingen sjekkar skrifta
Det vert ikkje gjennomført nasjonale eller internasjonale kartleggingar av elevane sine skriveferdigheiter, men eit fleirtal av erfarne rektorar og skuleleiarar rapporterer at skriveferdigheitene ikkje har blitt betre, og at forskjellane i skriving mellom elevane har auka.
- Styresmaktene har satsa på grunnleggjande ferdigheiter i 20 år, og Stortinget har auka midlane til dette. Då er det kritikkverdig at norsk skule ikkje har utrusta fleire elevar med gode grunnleggjande ferdigheiter, seier riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen.
Kunnskapsdepartementet peikar på fleire samansette årsaker til nedgangen, og viser både til ny teknologi, auka skjermbruk, auka sosiale skilnader, meir innvandring og meir psykiske plagar.
Mykje forsking – lite informasjon
Trass i ei mengde evalueringar og mykje forsking har dette i liten grad gitt informasjon om dei statlege verkemidla har bidratt til å styrke grunnleggande ferdigheiter. Kunnskapsdepartementet veit dermed ikkje om tiltaka har virka og om ressursane er brukt rett.
Lærarnorm og nasjonale prøver
Riksrevisjonen trekkjer fram at lærarnorma ifølgje evalueringane ikkje har bidratt til å styrkje opplæringa på ein effektiv måte. Departementet har fått råd frå både opplæringslovutvalet og kommunekommisjonen om å oppheve norma, og Riksrevisjonen er kritisk til at Kunnskapsdepartementet ikkje har gjort noko med lærarnorma.
Riksrevisjonen er også kritisk til at Kunnskapsdepartementet har brukt mange år på å kome fram til at det er nødvendig å legge om kartlegginga av nasjonale prøver – utan at dette er gjort.
Vidareutdanning
Departementet har i perioden 2014-2026 brukt i overkant av 22 milliardar 2025-kroner på vidareutdanning for tilsette i grunnskulen og vidaregåande skule. Det er svært lite som er gjort for å evaluere korleis desse vidareutdanningsordningane og deltakinga har bidratt til betre opplæring. Dei har i hovudsak målt tilfredsheita til deltakarane.
Smalt oppdrag
Verken kommunane eller Utdanningsdirektoratet er gått etter i saumane. Riksrevisjonen har berre undersøkt Kunnskapsdepartementet sitt ansvar. Dei har altså ikkje sett på kommunane sitt ansvar for å gjennomføre sjølve opplæringa, eller korleis Utdanningsdirektoratet og statsforvaltarane gjennomfører oppdrag dei får frå departementet.