Den svenske regjeringa vil ha nye forskrifter som tydeleggjer kor mykje tid lærarar skal ha til for- og etterarbeid, planlegging og undervisning.

Samtidig i Sverige

KS vil skrote arbeidstidsavtalen for lærarar. Sverige går motsett veg når dei no vil sikre tid til undervisning etter 30 år utan nasjonale reguleringar.

Publisert

Utdanningsminister Simona Mohamsson (Liberalerna) lover eit tak på kor mange timar ein lærar skal undervise, og at det skal sikrast eit minimum av tid til planlegging og etterarbeid.

Den svenske regjeringa vil ha nye forskrifter som tydeleggjer kor mykje tid lærarar skal ha til for- og etterarbeid, planlegging og undervisning. Lovendringa skal gjelde frå barnehagen til vidaregåande skule, og skal opp i Riksdagen i løpet av våren.

Avregulert på 90-talet
I dag vert antal timar lærarane skal undervise, bestemt lokalt eller av skuleeigaren. Sidan dei store avreguleringane i den svenske skulen i 1990-åra har det ikkje vore ei nasjonal regulering som styrer kor mykje tid som skal brukast på for- og etterarbeid og undervisning.

– Hovudregelen skal vere at lærarar har minst like mykje tid til planlegging som dei har til undervisning. Dette er ei historisk endring som reverserer 1990-talets skadelege desentralisering og deregulering av svensk skule, seier utdanningsministeren.

Sveriges KS er kritisk
Ikkje overraskande er det svenske motsvaret til KS, Sveriges Kommuner och Regioner (SKR), særs kritisk til forslaget. I ei pressemelding åtvarar dei om at dette med stort sannsyn vil føre til kutt i skulen eller tvinge kommunar til å heve skatten for å finansiere lovforslaget. Anders Henriksson, leiar i SKR, omtalar det som «eit underfinansiert lovforslag om lærarane si arbeidstid som set skulen i ein umogeleg skvis».

Fleire store reformer
Den svenske regjeringa varslar med dette forslaget dei største reformene på skuleområdet på 30 år. I tillegg til å regulere undervisningstida til lærarane foreslår dei nye læreplanar med tydelegere kunnskapsfokus og eit nytt karaktersystem. Det er også fleire forslag som skal redusere dokumentasjonskrava til lærarane: Berre éin utviklingssamtale per år, redusere dokumentasjon knytt til krenkingar og slankare individuelle utviklingsplanar.

Manar til kamp for lovforslaget
- Lærarprofesjonen kan ikkje beskytte seg sjølv i eit system som bygger på stadige krav om effektivisert underbemanning.

Når maktbalansen er broten, er ikkje forhandling lenger ei løysing, men eit tomt ritual.

Dette skriv tillitsvald i Sveriges Lärare, Thomas Hunter. Han omtalar forslaget som forsiktig, teknisk og tidvis feigt i eit innlegg i tidsskriftet Vi Lärare, men at forslaget er noko langt viktigare, nemleg ei opning for å beskytte arbeidstida til lærarane.

Hunter skriv at han har mista trua på partsmodellen. Ikkje fordi ideen om forhandlingar er feil, men fordi maktbalansen har kollapsa. Og når maktbalansen er broten, er ikkje forhandling lenger ei løysing, men eit tomt ritual.

Han manar difor sine svenske kollegaer til kamp for å få gjennom lovforslaget, for å hindre at arbeidstida til lærarane skal halde fram som buffer i systemet:

«När resurser saknas och styrningen brister absorberas konsekvenserna av professionen: Fler undervisningstimmar, mindre planering, större barngrupper och fler arbetsuppgifter. Men det här är inte först och främst ett arbetsmiljöproblem – det är ett maktproblem.»

(Innlegget står på trykk i vilarare.se)

Powered by Labrador CMS