Portrett av leder i Riksrevisjonen, Karl Eirik Schjøtt-Pedersen
Leiar i Riksrevisjonen Karl Eirik Schjøtt-Pedersen.

Sjekkar elevane sine ferdigheiter

Gir grunnskulen elevane tilfredsstillande ferdigheiter i lesing, skriving og rekning? Riksrevisjonen undersøker no i kva grad staten bidreg til dette.

Publisert

Alle elevar som går ut av grunnskulen, skal meistre grunnleggjande ferdigheiter som gjer dei i stand til å delta i vidare utdanning og arbeidsliv. Dette målet forpliktar heile sektoren og er eit felles ansvar.

Rapporten frå Riksrevisjonens skal vere klar våren 2026, og ser på desse problemstillingane:

  • Er meistringa til elevane i lesing, skriving og rekning i samsvar med Stortinget sine mål for grunnleggjande ferdigheiter?
  • Legg Kunnskapsdepartementet gjennom sine verkemiddel til rette for tilfredsstillande opplæring i lesing, skriving og rekning?

I rapporten skal dei sjå på perioden frå og med innføringa av Kunnskapsløftet i 2006 til og med 2025.

Riksrevisjonen

Riksrevisjonen er kontrollorganet til Stortinget som skal bidra til den demokratiske kontrollen med at ressursane til staten vert forvalta forsvarleg og effektivt og i samsvar med vedtaka i Stortinget. Som innbyggjar har du krav på å få vite om avgjerdene dei folkevalde tek, blir følgt opp.

Powered by Labrador CMS