Tre studenter som tar tysk på lektorstudiene ved NTNU.

Dei som satsa på tysk

Direktoratet drar teppet bort under framandspråka, og gjer jobbutsiktene meir usikre for tre lektorstudentane med tysk i fagkombinasjonen sin.

Publisert

Ingvild Torsvik er ein av fleire lektorstudentar som vil bli direkte påverka dersom framandspråk blir redusert til eit valfag i vidaregåande opplæring. Ho går fjerde året på lektorutdanninga ved NTNU i Trondheim og er den eine av tre studentar i sitt kull som har tysk.

Kritiske til forslaget

Lektorstudenten har sjølvsagt fått med seg forslaget frå Utdanningsdirektoratet om at framandspråk skal bli gjort om til valfag, og er særs kritisk til dette.

– Dersom faget blir valfag, eller forsvinn, blir jo ein del av vår framtidige jobb borte, og det vil bli vanskeleg å tene igjen dei åra eg har brukt til å lære meg tysk, seier Torsvik.

– Eg har sett framtida som veldig trygg, og allereie etter praksisperioden fekk eg vikarjobbar stadig vekk fordi tysklærarar er så ettertrakta. Fleire gongar har eg sagt at jobb, det får eg uansett kor eg drar. Det kan jo endre seg no, seier ho.

Et kørka forslag

Lektorstudenten fortel at ho kan bli ganske fortvila over desse debattane om framandspråk.

– Eg føler at desse debattane berre spreier haldningar om kor ubrukeleg framandspråket er, og kor lite elevane får ut av det, seier ho, og legg til at ho er redd elevane også plukkar dette opp. Ho trekkjer ein parallell til nynorsken, og at ho ofte har opplevd at elevane kjem med ei allment akseptert oppfatning om at dei aldri kjem til å bruke nynorsk igjen, og at språket berre blir noko å lære seg for å stå på eksamen.

– Slike oppfatningar er vanskelege å få fjerna når dei fyrst har sett seg, seier ho, og fryktar at det vil henge igjen ein motvilje mot framandspråka, sjølv om ein forhåpentlegvis klarer å berge framandspråka sin plass i skulen.

– Når eg snakkar med medstudentar og professorar om dette, er me raske til å himle med auga og uttrykkje kor utruleg kørka me finn forslaget om å fjerne framandspråk på skulen, fordi me veit kor viktig språk er, seier Torsvik. Ho synest dette kan vere vanskeleg å vidareformidle når mange meiner KI kan omsetje alt me skulle trenge.

Ingvild Torsvik angrar ikkje på valet sitt om å studere tysk, fordi ho ser verdien i å kunne eit framandspråk.

– Å fjerne framandspråk fullstendig er ikkje svaret. Språklæring handlar om mykje meir enn berre å kunne spørje om vegen til biblioteket. Det å kunne eit språk gjev deg innblikk i sjølve kulturen, og dermed nye perspektiv, avsluttar ho.

Powered by Labrador CMS