Elevar lærer betre med penn
Ei ny masteroppgåve frå NTNU viser at elevar lærer meir når dei skriv for hand, enn når dei tastar på tastatur.
Masterstudent Elias Engelsås Kolvik frå Trondheim har, i samarbeid med professor Audrey van der Meer, undersøkt effekten av handskrift samanlikna med å skrive på tastatur når ein tar notat frå forelesing. Forskingsgrunnlaget i klasseromsdata er frå Ulstein vidaregåande skule. Prosjektet er ein del av satsinga «Penn på PC – lærer elevane meir?», finansiert av Møre og Romsdal fylkeskommune. Ved Ulstein vgs. fekk om lag 350 elevar over to år tilgang til digital penn og skjerm.
Resultatet viser at handskrift gir betre læringsutbytte. Dette kjem fram både i målingar av hjerneaktivitet og i data frå klasserom. Professor Audrey van der Meer peikar på kvifor forskjellen oppstår:
– Når du brukar tastatur i forelesing, blir det fort slik at du skriv ned alt utan å tenkje så mykje over det. Du får ikkje jobba skikkeleg med innhaldet undervegs. Når du skriv for hand, må du derimot velje ut det viktigaste, lage enkle skisser og strukturere stoffet. Då gjer du kunnskapen til din eigen – og det gir betre læring.
Ifølge forskaren arbeider hjernen på ein annan måte ved handskrift enn ved tasting. Fleire sansar og meir komplekse rørsler er i bruk, noko som gjer det lettare å forstå og hugse nytt stoff. Effekten gjeld alle elevar, men er særleg tydeleg for yrkesfagelevar i arbeid med omgrep og fakta.
Det var Møre og Romsdal fylkskommune som publiserte saka.