Les lengre tekstar
Både i engelsk- og norskfaget les elevar i ungdomsskulen i større grad romanar enn eit mangfald av tekstutdrag, noko som var vanlegare for ti år sidan.
Gjennom EDUCATE-prosjektet ved Universitetet i Oslo har forskarar studert ungdomsskuleklassar over ein tiårsperiode. Dei har sett på skjønnlitteraturundervising i engelskfaget åleine og i engelskfaget samanlikna med norskfaget.
Forskarane seier at engelsklærarar tek eit stort ansvar for leseopplæringa, og at dei tek like stort ansvar for litteraturundervisinga som norsklærarar.
I begge fag les elevane lengre tekstar no enn det dei gjorde for ti år sidan. Og elevane les stadig meir av lange, heile tekstar som romanar framfor tekstutdrag. Trenden starta i 2020, ifølgje forskinga.