LANDSMØTET 2025

Utsnitt av en side i nynorsk ordbok.

Starta sidemålsdebatten

Fjerne sidemålskarakterane? Forslaget frå Akershus fekk ikkje fleirtal, men Landsmøtet bad sentralstyret vurdere å utvikle politikk på sidemålet sin plass i norskfaget.

Publisert

Det var Akershus som sende inn forslag om at sidemålskarakteren skal bli integrert i norsk skriftleg. Fleirtalet i sentralstyret sluttar seg ikkje til forslaget, men hadde eit ønske om å løfte saka til Landsmøtet for å få saka drøfta.

– Som norsklærar er eg i all hovudsak einig i grunngjevinga i forslaget, men eg har langt frå alle norsklærarar med meg. Eg er ikkje sikker på om alle norsklærarane i Akershus eingong er samde i forslaget, sa Liv Cathrine Krogh, som la fram saka frå styret.

– Vi hadde ein lang diskusjon i sentralstyret. Fleirtalet meiner det er ein risiko for at det vert mindre undervisning i sidemålet med ei slik ordning. Ein eigen karakter styrkjer prioriteringa og nivået i eit fag. Vi fryktar også tap av både omdøme og medlemmer om forslaget frå Akershus får fleirtal, sa ho vidare før det vart opna for debatt på Landsmøtet.

Opp til seks karakterar
Fleire representantar frå Akershus tok ordet i debatten. Kristin Aslaksen var først ut frå fylket bak forslaget:

– Det er tre standpunktkarakterar i norsk, og kjem ein opp i eksamen, kan ein ha seks norskkarakterar på vitnemålet. Det gir faget ei uforholdsmessig tyngde samanlikna med andre fag. Norsklærarar har stort press på seg for å skaffe nok dokumentasjon i to fag. Mange elevar strevar med nynorsken, og dei treng meir samanhengande og systematisk opplæring, ikkje dobbel vurdering i faget. Mange er redd nynorsken blir eit offer, men forslaget er meint for å styrke norskfaget, sa Aslaksen.

KompromissforslagEin annan delegat frå Akerhus foreslo eit kompromiss. David Hunstad meinte eit alternativ kunne vere å oppretthalde ei separat vurdering ved å slå saman standpunktkarakterane og vekte 2/3 av karakteren mot hovudmål og 1/3 mot sidemål, og ha separate karakterar på sidemål og hovudmål til eksamen. Det vart også lansert eit forslag om å skilje ut sidemål som ein eigen fagkode med eigne timar i sidemål.

– Å gå inn for å avvikle karakteren i sidemål vil bli tolka som at vi er mot nynorsk, uavhengig av kva vi seier og meiner her i salen. Eit mogeleg kompromiss kan vere at sidemål blir avgangsfag i vg2 med standpunktkarakter og eksamen, sa Jon Olav Lindbekk (Vestfold).

Støtte til forslaget
– I følgje Statistisk sentralbyrå var det i 2024 elleve prosent som brukte nynorsk som hovudmål, så at vi framleis snakkar om to obligatoriske karakterar, er uforståeleg, sa Karoline Torkildsen, som var ein av representantane frå sentralstyret som var positiv til forslaget frå Akershus. Ho la til at ho ikkje ønsker nynorsken til livs, men sette spørsmålsteikn ved om det er sidemålskarakteren som skal redde nynorsken.

Knut Røe (Trøndelag) minte delegatane om at Utdanningsdirektoratet tilbake i 2019 fjerna halvårsvurderinga i sidemål på 8. og 9. trinn og på vg1 og vg2.

– Som norsklærarar brenn vi for ganske mykje, danning, nye og gamle tekstar, lyrikk, språk og dialekter, identitet, historie, vikingtid og Oliver Lovrenski. Å slå saman skriftlegkarakterane vil gje oss som er fagfolk, tid til å undervise heilskapleg i faget. Det vil auke kompetansen til elevane i faget – også i sidemålet. Norsk Lektorlag bør stå fagleg støtt. Derfor bør vi støtte fagutvalet og tenke fagkompetanse også når det er upopulært, sa Knut Røe.

Prematurt forslag
– Det er språklikestilling i Noreg. Skal Lektorlaget vere førande på at dette ikkje lar seg gjennomføre? spurde Olav Myklebust (Møre og Romsdal). Han åtvara Landsmøtet mot å låse sentralstyret i starten av pågåande politiske prosessar om fellesskulen og ny fag- og timefordeling i vidaregåande skule.

– Dagens løysing er ikkje god nok. Vi er samde om dette. Det er eit godt forslag og gode argument, men eg meiner vedtaket er prematurt. Vi skal inn i ein større diskusjon om fag og timefordeling i vidaregåande skule, og eg lovar at sidemål er i spel. Det er ikkje siste gong vi diskuterer dette, sa Liv Cathrine Krogh (Vestfold), og la til at det var svært nyttig å høyre innspela frå landsmøtedelegatane.

Også Martin Farstad Jenssen (Innlandet) trur sidemål vert eit tema i diskusjonane som kjem rundt ny fag- og timefordeling i vidaregåande.

– Er det vi i Lektorlaget som bør ta denne kampen, eller skal vi la andre aktørar få ta denne? På den eine sida skal vi vere dei som går framføre og brøytar, men vi er også den konservative stemma i ein skule som nesten ikkje har eit fiber av konservativ haldning. Eg skjønar argumenta bak forslaget, men stemmer for at det er prematurt, sa Jenssen.

Fleire av delegatane som representerer fylke der mange har nynorsk som hovudmål, frykta mange utmeldingar dersom det vart fleirtal for forslaget frå Akershus. Andre delegatar meinte saka like gjerne kan vere rekrutterande.

Jostein Austvik (Agder) var kritisk til at vi skal skubbe dei store debattane framføre oss.

– Mange har vore opptatt av dette lenge, sa han og bad Landsmøtet vurdere saka.

– Eg ønsker meg ein skule der elevane skal bli glad i nynorsk. Eg er ikkje sikker på kva som blir konsekvensen dersom forslaget til Akershus blir vedtatt, men eg er sikker på at den sidemålspolitikken vi har hatt i Noreg i mange år, ikkje har tent nynorsken, sa han.

To års utsetjing
Helle Christin Nyhuus foreslo, etter samtalar med Akershus-benken, å sende saka til redaksjonskomiteen for å lage eit tydeleg oppdrag om at det skal jobbast med denne saka i komande landsmøteperiode.

Landsmøtet fekk tilbake dette forslaget frå redaksjonskomiteen:
Landsmøtet ber sentralstyret vurdere å utvikle politikk om sidemålets plass i norskfaget i kommende landsmøteperiode. Landsmøtet forutsetter en bred og involverende prosess internt.

71 stemde for dette forslaget, 15 stemde mot.

Forslag, vurdering og innstilling

Forslaget frå fylkesstyret i Lektorlaget Akershus:
Sak 6-9 Integrering av sidemålskarakterer i norsk skriftlig

«Norsk Lektorlag bør arbeide for at vurdering av sidemål integreres i norsk skriftlig, og at sidemål ikkje lenger vurderes med egen standpunkt- og eksamenskarakter (eksamen i norsk skriftlig kan gjerne inkludere oppgaver i både hovedmål og sidemål). Dette bør gjøres i tråd med læreplanens kompetansemål og med hensyn til en faglig forsvarlig, rettferdig og helhetlig vurderingspraksis i norskfaget – både i ungdomsskolen og i videregående opplæring.»

 

Utdrag av grunngjevinga for støtte til forslaget frå fagutvalet for norsk 

For en mer helhetlig og rettferdig vurdering av elevenes kompetanse i norsk skriftlig, mener vi det er riktig å gå inn for å fjerne egen karakter (og eksamen) i norsk sidemål. Elevene vil likevel ha minst tre karakterer i norsk når de går ut av videregående skole (fire om de kommer opp i muntlig), noe som kanskje også er riktigere i forhold til de andre fagene elevene har. Vi ser de negative konsekvensene for sidemålet, og spesielt nynorsken, hvis den såkalte sidemålskarakteren skal bort, det samme med sidemålseksamen. Vi vil derfor presisere at vi ikke ønsker at vurdering av sidemål skal forsvinne. Den skal integreres i den skriftlige norskkarakteren, som elevene er vant med fra de første årene i ungdomsskolen og videregående skole … I teksten om underveisvurdering i norskfaget (Udir), presiseres det at den skriftlige norskkarakteren elevene får etter 8. og 9. trinn, samt etter vg1 og vg2 på studieforberedende videregående skole, skal gis ut fra elevens skrivekompetanse i både hovedmål og sidemål. Dette mener vi altså bør kunne gjelde løpet ut. De elevene som blir trukket ut til eksamen i norsk sidemål, blir i stor grad vurdert to ganger i det samme, bare på en annen målform. I tillegg til dette ser vi at dagens elever trenger mye mer trening på lesing og skriving. En konsekvens av tiden eller ei, sannheten er at færre og færre elever leser lengre tekster selv. Skolen, og særlig norskfaget, må bruke mer tid til å få elevene gjennom lengre tekster for at de skal rustes til samfunnet etter skolen.

Delt sentralstyre før landsmøtet
Sentralstyrets flertall støtter ikke forslaget. Sentralstyrets flertall mener det er en risiko for at nynorsk forsvinner, om man fjerner karakter for nynorsk. En egen karakter styrker prioriteringen til et fag, og en ønsker å beholde en egen karakter for å beholde nivået i faget. Å fjerne en skriftlig eksamen vil ikke øke elevers skriveferdigheter. Flertallet viser også til at Lektorlaget ikke har hatt tradisjon for å senke kravene om noe er vanskelig, heller tvert imot.

Et mindretall i sentralstyret støtter forslaget og henviser til begrunnelse fra forslagsstiller og fagutvalg. Et samlet sentralstyre ønsker at saken drøftes av landsmøtet.

Powered by Labrador CMS