
Grov språkbruk blant elevar
Sju av ti skuleleiarar opplever utfordringar med språkbruken til elevar i skulekvardagen. Utfordringane er størst i ungdomsskulen.
– Dette er ei utvikling vi må jobbe for å snu. Alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø. Når denne typen språkbruk får fotfeste i skulen, bryt det med verdiane vi skal byggje fellesskapet vårt på, seier direktør i Utdanningsdirektoratet, Morten Rosenkvist.
RASISME, SEX OG KJØNNSIDENTITET
Rapporten «Spørsmål til Skole-Norge» er utarbeidd av NIFU og byggjer på svar frå nærmare 450 skuleleiarar og skuleeigarar. Her vert det avdekt at mange elevar bruker språk som er prega av personangrep, rasisme og seksualiserte eller nedsetjande uttrykk knytte til kjønn og kjønnsidentitet. Fleire skuleleiarar seier at denne typen språkbruk er blitt ein del av daglegtalen til elevane.
SKULEN HAR PLIKT TIL Å GRIPE INN
Utfordringane er størst på ungdomstrinnet, og problemet er meir utbreidd på større skular. Skuleleiarar som har svart på undersøkinga, etterlyser støtte og kompetanse for å kunne handtere situasjonen betre.
– Skulen har plikt til å gripe inn mot krenking som mobbing, vald, diskriminering og trakassering og stoppe det med ein gong viss det er mogeleg. Mange skular jobbar godt når det oppstår utfordrande situasjonar, og har gode rutinar dei følgjer. Samtidig veit vi at mange i skulen er usikre på når dei skal gripe inn, og at dei ofte er for seint ute med å lage ein tiltaksplan. Det er heller ikkje alltid dei riktige tiltaka som vert sette inn, seier Rosenkvist.
STØTTERESSURSAR
Han oppfordrar alle skular til å ta i bruk Udirs kunnskapsbaserte råd og støtteressursar for å arbeide for eit trygt og godt skulemiljø. Han viser også til Dembra sine nettressursar, som mellom anna har støtte til arbeidet med å motvirke bruk av skjellsord og negativt språk.