
Får refs for streikestopp
Den internasjonale arbeidsorganisasjonen ILO kritiserer regjeringa for å ha stansa lærarstreiken i 2022 med tvungen lønnsnemnd.
Lærarorganisasjonane som streika i 2022, var svært kritiske til at regjeringa stansa streiken med tvungenlønnsnemnd. Utdanningsforbundet sende klage til ILO med støtte frå Lektorlaget og Skolenes landsforbund.
Den lengste lærarstreiken i historia vart avblåst av regjeringa med tvungen lønnsnemnd etter 111 dagar i konflikt. Då streiken vart avslutta 27. september, var nesten 8500 lærarar og lektorar i streik i 18 kommunar og 10 fylkeskommunar. Argumentet frå regjeringa var at streiken hadde alvorlege samfunnsmessige konse-kvensar for elevane.
– Dette blei det verst tenkelege utfallet av ein lovleg konflikt, uttalte leiar i Lektorlaget, Helle Christin Nyhuus, som hadde medlemmer i streikevest ved fem skular. Etter å ha stoppa ein lærarstreik to år på rad med tvungen lønnsnemnd, var det fleire som stilte spørsmål ved om lærarar og lektorar har reell streikerett.
RETTFERDIGGJER IKKJE STANS
No har ILO kome med kritikk av regjeringa sin bruk av tvungen lønnsnemnd for å avslutte ein lovleg streik i offentleg sektor. ILO meiner at potensielle langsiktige verknader av streik i utdanningssektoren ikkje rettferdiggjer at regjeringa grip inn i streikeretten.