Rekrutteringssvikten held fram

Søkjartala til dei femårige lærar- og lektorutdanningane går litt opp samanlikna med fjoråret, men det er lite å juble for.

Publisert Sist oppdatert

Grunnskulelærarutdanningane har solid vekst i søkjartala frå fjoråret, men eigentleg er søkjartala berre tilbake på 2023-nivået. Og den gongen vart søkjartala omtalte som «krise for lærarutdanningane» og «dårlegaste søkjartala i manns minne».

I år har nesten 3200 grunnskulelærar som sitt førsteval, ein auke på nesten 15 prosent. Det er likevel langt lågare enn søkjartala til GLU 1–7 og 5–10 i perioden frå 2015 til 2022.

For grunnskulelærar 1–7 (GLU 1–7) er det ein total nedgang på 37 prosent mellom 2015 og 2024. For GLU 5–10 er det ein moderat auke i søkjarar i år, men dei siste tre åra har det vore færre søkjarar enn det er planlagde studieplassar.

Talet på søkjarar til lektorutdanningane går framleis nedover, og har hatt ein nedgang kvart år sidan toppåret 2018. Lektorutdanningane ser ut til å ha stabilisert seg rundt botnnivået i 2023, etter eit fall i førstevalssøkjarar på 48 prosent mellom 2018 og 2023.

Fram til 1. juli står søkjarane fritt til å omprioritere vala sine. 20. juli får dei svar på kvar dei har kome inn.

PPU er ikkje med

Praktisk pedagogisk utdanning (PPU), den eittårige vegen for å bli kvalifisert som lærar eller lektor, er ikkje ein del av denne statistikken. 

PPU-studentane utgjorde i fjor 30 prosent av dei uteksaminerte lærarane og lektorane (sett vekk frå barnehagelærarane).

PPU-søkjarane vert ikkje talt opp før til hausten, men eit par stikkprøver viser gode søkjartal: 

Ved Universitetet i Oslo er det ein auke av førstevalssøkjarar til PPU heiltid frå fjoråret med 638 søkjarar. Ved Universitetet i Stavanger er det 410 søkjarar til 115 studieplassar. 

Etterlyser betre rammer

Leiar i Lektorlaget, Helle Christin Nyhuus, meiner yrket får betre rammer dersom regjeringa vil snu den negative søkjartrenden.

- Lærarar og lektorar må få gode rammevilkår for å utøve yrket sitt. På den måten vil elevane også merke at skulen er ein god arbeidsplass, og læraryrket vil vere meir attraktivt, seier Nyhuus.

Lektorlagsleiaren har ikkje tru på at løysinga ligg i å senke krava for opptak av studentar eller korte ned på utdanningane.

- For å auke rekrutteringa til læraryrket må politikarane sjå på skulen som arbeidsplass og legge ansvaret på arbeidsgjevarane, ikkje tru at løysinga på rekrutteringssvikten er å senke kvaliteten på lektor- og lærarutdanningane, seier ho.

Powered by Labrador CMS