LEIAR - INGER JOHANNE REIN

Eleven og elevane

Eit fellesskap krev at individa tilpassar seg, og alle fellesskap risikerer å gå i oppløysning dersom for mange av individa krev særbehandling.

Publisert

I Danmark skriv dei no elevane i fleirtal. Dette fortalte den danske historiedidaktikaren Loa Ingeborg Bjerre då ho var på eit seminar om læreplanar ved OsloMet i januar.

– Vi skal berre skrive elevane i fleirtal. Det er eit meget viktig politisk signal å sende, at eleven ikkje er noko i seg sjølv, men at dei er i eit læringsfellesskap, sa ho.

Det er interessant å sjå kva dette grepet gjer. Kva skjer med verdiane og prinsippa i overordna del dersom eleven i eintal skiftar til fleirtal: «kva som er elevane sitt beste, er eit kjernespørsmål i all opplæring.»

Set vi fokus på elevane i staden for eleven, skiftar vi frå å zoome inn på enkelteleven til ei vidvinkellinse som famnar klassefellesskapen. Sjølvsagt er det fleire enkeltelevar som treng, og skal ha, tilrettelegging for sine utfordringar, men det er summen av alle vedtak, elevrettar, IOP-ar, tilretteleggingar og forventningar om skreddarsydde løysingar som gjer at fellesskulen er i ferd med å knele.

Fellesskuleutvalet er av fleire oppmoda om å sjå på utfordringane rundt dette. Leiaren i utvalet, Bjørn Haugstad, har uttrykt tydeleg at for sterk individualisering går ut over fellesskapen. Sjølv om det er bra med individuelle tilpassingar, treng elevane å trene på å vere i eit fellesskap – og nokre gonger på å innordne seg, sa Haugstad på Lektorkonferansen i fjor.

Eit fellesskap krev at individa tilpassar seg, og alle fellesskap risikerer å gå i oppløysning dersom for mange av individa krev særbehandling.

Og i horisonten er det ein stadig meir skrantande kommuneøkonomi. Dette samsvarar ikkje med ei elevgruppe som krev meir og meir ressursar. Det blir difor spennande å sjå kva som vert konklusjonane rundt framtidas fellesskule, og om utvalet tek med i vurderingane at det skal kuttast elleve milliardar kroner i grunnskulen dei neste ti åra.

Per Fugelli, sosialmedisinaren, som gjekk bort i 2017, er kjend for uttrykket. «Du er ikkje eit eitt-tal på jorda. Du tilhøyrer ein flokk». Også føresette bør innimellom minne sine eigne born på at dei er del av ein flokk. Når erfarne lærarar og lektorar vert spurde om kva som er dei største skilnadane på elevane før og no, er det sjølvsagt digitaliseringa, me også endringar i oppdraginga. Mange fortel om foreldre som ikkje set grenser, noko som gir elevar som slit med å innrette seg i ein skule som krev eit minimum av struktur og disiplin. Autonomi og medbestemming er gode verdiar, men ikkje om det bikkar over.

Powered by Labrador CMS