DEBATT
Å kjenne vegen heim
Dette er eit lite skrik mot vedtaket som akershuslektorane gjorde om nynorsk.
Eg meiner vedtaket er totalt historielaust. Motto: Om Henrik Wergeland hadde overlevd 1840-åra, ville han truleg ha vorte ein lojal støttespelar for Ivar Aasen og det veldige arbeidet han la ned i å reise opp att det norske språket.
Wergeland vert ofte sett på som far til bokmålet gjennom Knud Knudsen, men ein slik forfarstatus er truleg lagt til i tida etter han vandra vidare. Wergeland løfte fram biletet av Noregs historie som ei soge om to avbrotne halvringar i gull. Det var i Wergelands samtid ein heilskapleg ring, men loddinga mellom dei to halvringane var av bly. Oppgåva for poetane med fleire var å bøte denne uekte loddinga, blant anna med eit kjempestort åndsarbeid, som Ivar Aasen nettopp er eit døme på.
Kunnskap om språksituasjonen i Noreg inneber å kjenne vegen heim, også for bokmålsbrukarar som bur på Oslo vest med omland. Vert krava til reell kunnskap om nynorsk svekte, vert òg ungdommen og den akademisk utdanna makteliten i framtida svekt og får vite mindre om vegen heim. Ein vil få dårlegare kunnskap om norsk i det store bokmålsdominerte området på Austlandet, i Bergen, Trondheim og Stavanger, i tillegg til Nord-Noreg. Dei fleste av desse nemnde områda har enno levande dialektar som kan likne på nynorsk.
Det er altfor enkelt å berre vere motstandar av nynorsken. Det kostar så lite. Overklassa på Oslo vest fnyser av nynorsken. Dermed har nynorskmotstandarane pengemakta på si side. Her ligg det ei sterk kraft (fritt etter Karl Marx).
Lektorar i Akershus bør vise seg som åndsarbeidarar som tek stilling mot den sterke krafta som tenåringar så enkelt let seg prege av.